Koninklijke Philips N.V., til dagleg kjend som Philips, er eit multinasjonalt teknologiselskap med hovudkontor i Amsterdam i Nederland. Selskapet er delt i tre næringsfelt; forbrukarelektronikk, helseinstrument og lyssetjing.

Philips vart grunnlagt i Eindhoven i 1891 av Gerard Philips og faren Frederik. Selskapet er eit av dei største elektronikkselskapa i verda, med i kring 105 000 tilsette i meir enn 60 land, der i mellom Noreg.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Philips