Aversa er ein kommune i provinsen Caserta i regionen Campania i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar.
Byen ligg berre 5 km nord for Napoli og er senter i eit jordbruksdistrikt der det vert produsert vin og ost.
Historie
Aversa, som erstatta den nærliggande byen Atella etter han vart lagt aude under gotarkrigen, vart det første normanniske landområdet i Middelhavet. Rainulf Drengot fekk staden i 1030 og ved å gje asyl til forfølgde menneske i området fekk han etter kvart makt. Robert Guiscard bygde festningsverk i byen og kom i strid med biskopen i Aversa som styrte på vegne av paven og Det tysk-romerske riket, som formelt eigde landområdet.
Greven av Aversa, Rikard I, var ein av leiarane i striden mot paven som enda med slaget ved Civitate. Her vart sjølve pave Leo IX tatt til fange. Men den slue Rikard handsama ikkje paven som ein fange. I staden eskorterte han paven tilbake til Roma, noko som førte til forsoning mellom normannarane og Kyrkja. Normannarane nytta så Aversa som base for å opprette ein stat på Sicilia og Italia.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aversa» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.